14. mars 2013



Då var det på tide å blåse liv att i bloggen for norskseksjonen i Lyon! Her kjem eit resymé av det vi har gjort og vore med på så langt dette skuleåret:






Nytt skuleår tyder nye elevar



...og denne gongen òg ny seksjonsleiar






 Tradisjonen tru var secondane i Paris i haustferien. Vi besøkte utruleg nok m.a. Eiffeltårnet. 






Norskseksjonane i Bayeux og Rouen var òg i Paris på same tida, så vi hadde nokre felles aktivitetar.







I november hadde vi besøk av studentprest Bjørn Olav Bøe. Det vart suppe, vaflar og ikkje minst kviss! 







Desember og juleverkstad




Kvart år, like før jul, skipar norskseksjonen til ein "Luciafest". Lærarar, vertsfamiliar og andre som er knytte til seksjonen, får då oppleva og ta del i norske juletradisjonar. 







Nei, det er faktisk ikkje ein landskamp i handball vi er på, men Bocuse d'Or, verdsmeisterskapen i kokkekunst! Det var vanvittig stemning i lokala, og mange smaksprøver å få.







Seksjonstur til Strasbourg 23.-27. februar 2012


 Seksjonsturen i vinterferien var i år lagt til Strasbourg. Togturen frå Lyon vart lenger enn vi hadde meint sidan toget vart ståande leeenge på ein stasjon. Til slutt fekk vi beskjed om at det skulle koma eit nytt tog og ta oss med vidare. Det hjalp på humøret å få tildelt gratis matpakke (bokstaveleg tala!) av SNCF!   


Omvising med guide i Strasbourg. 
Fleirstemt kor på toppen av katedralen i Strasbourg. 



Utflukt til slottet Haut-Koenigsbourg. Vi fekk diverre ikkje sett så mykje av den flotte utsikta, men det var iallfall ikkje noko å seie på vinterstemninga. 








Besøk i Europarådet. 




Lunsj i kantina på skulen i samband med eit besøk av norske ungdomsskuleelevar.